Under oppstart av maskina så trykker du enten F10 eller F11 (meina å hugse at det var F11 på HP). Maskina vil då starte opp ein recovery-partisjon som gjer at du kan stille maskina di tilbake til fabrikkinnstillingar, med andre ord ein reinstallasjon utan å bruke CD/DVD
No lyg eg vel igrunn litt, for på eldre maskiner så får du med 2, 3 eller 4 recovery-cd-ar som du set i maskina og startar opp. Desse stiller og maskina inn til fabrikkinnstillingar. På nyare system ligg dette inne på ein egen harddiskpartisjon, vil tru det er fordi at harddiskkapasiteten har gått betraktleg opp dei siste åra i forhold til størrelsen på sjølve operativsystemet.
Var dette eit svar på det du lurte på?