Sitat av Alcazalamander
Jeg er imot alle de meningsløse fagene som ikke lærer meg noe jeg har brukt for!
Slik som musikk, vi har bare sånn "Lær en dans" opplegg jeg aldri kommer til å bruke, eller sidemål, altså for meg nynorsk, jeg aner ikke hvorfor jeg skal lære meg det, også har vi jo Tysk, jeg har ikke lyst til å lære noe annet enn Engelsk!
Ja, la oss kutte ut alle fag ingen liker... Matematikk, norsk, engelsk, språkfag, norsk, musikk...
Det slår deg altså ikkje at ein god del av desse faga er der for å gjere deg i stand til å velje friare etter ungdomsskulen? Kva med dei som har interesse for musikk? Skal ikkje dei få det inn i skulen? Er det ikkje greit å ha grunnleggjande kunnskap om musikk? Det er trass alt rimeleg viktig del av den noverande kulturen vår (i større grad enn nokonsinne vil eg hevde), og det er også ein viktig del av kultur
arva vi har, over heile verda.
Sidemål? Ja, vi har tre offisielle målformer i Noreg, er det ikkje greit å ha eit vist oversyn over dei, slik det faktisk er lagt opp til i læreplanen? Slik at du kan få jobbar i det offentlege der du må svare på målforma du får ting inn på? Nei?
Og når det gjeld tysk; du undervurderer tysk. Mange plassar i Europa, spesielt i aust-europa er tysk adskillig meir gangbart enn engelsk. Og det finst mykje kvalitetslitteratur, både skjønnlitterær og faglittærer, på tysk. Er det noko eg verkeleg angrar på, så er det at eg ikkje tok tysk i ungdomsskulen, etter som eg i dag kun beherskar engelsk! Har du både tysk og engelsk er vel frankrike og spania einaste plassane i EU du ikkje vil kunne nå gjennom rimelig greit...
Eg meiner faktisk at fagsamansettjinga i grunnskulen er rimeleg god eg.