View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av *pi Vis innlegg
Barnehager og skoler er imidlertid ikke offentlig sted (det hjelper ikke at TS står på fortauet, man kan ikke forografere inn vinduet til folk heller med det argumentet).
[...]
https://www.datatilsynet.no/personve...tt/?print=true
Vis hele sitatet...
For det første er eg rimeleg sikker på at du tar feil. Du kan fritt ta bilete frå det offentlege rom. Einaste innskrenking i så måte er straffelova, dvs. at du må over i krenkande eller skremmande åtferd. Eit enkelt bilete, eller ein serie bilete frå eit tidspunkt er åpenbart ikkje krenkande eller skremmande. Å ta bilete inn vinduet ditt når du er på veg ut av dusjen kan åpenbart vere krenkande, men ikkje av fullt påkledde unger utendørs på plass som er synleg frå offentleg stad.

For det andre. Det du lenker til frå datatilsynet omtaler aldri det å ta bilder - kun publisering. Med god grunn. For publisering er underlagt retten til eige bilete - gitt at du kan identifiserast, også viare. Eit bilete som i første innlegg her vil neppe falle under dei reglane. Ingen kan identifiserast, og det er situasjonen som er fokuset, ikkje enkeltpersoner. Det er altså truleg lov å publisere det biletet. God skikk? Kanskje ikkje. Men neppe ulovleg.