View Single Post
Eg er godt over gjennomsnittet interessert i musikk. Difor har eg alvorleg lyst å abonnere på eit musikkmagasin. Men veit liksom ikkje heilt kva slags eg skal gå for. (Eg er også såpass gammaldags og konservativ at eg helst vil ha det i papirformat).

Lurte på om nokon av dykk kunne tipsa meg om eit bra eit? Eg les godt svensk, norsk, dansk og engelsk. Eg høyrer på det meste av musikk, men skal innrømme at Rock/folkrock frå 60-70-talet, alternativ country/outlaw country, alternativ rock og relativt tidleg punk er det eg høyrer mest på.