View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av zitcon Vis innlegg
Jeg mener, folk må ha vært ufattelig fantasifulle før i tiden , siden de klarte å skrive ned x antall sider med stort sett bare bullshit .
Greit, noe av det har vel mening , men ikke på langt nær alt .
Vis hele sitatet...
90% av bibelen handler jo om sosiale normer, om korleis samfunnet forventer at ein skal oppføre seg, og anekdoter som kan brukast som retningslinjer for val, så eg forstår godt bibelen utifrå kontekst den er skreven i.

Problemet eg har med det er at det er ei bok som mildt sagt er forelda - samfunnet har endra seg ekstremt mykje, og det har dei sosiale normene også, og då ser eg ikkje eit stort poeng i å late som om ein held seg til kristendomen. Dei sosiale normene som er nedfelt i trusvedkjenningane til Den norske kyrkja er for min del totalt forelda.

Og suggs: eg respekterer absolutt ditt, og andre sitt, livssyn, men eg vil gjerne diskutere slikt. Det er relativt interessante diskusjoner etter mi meining. Om du ikkje har lyst til å diskutere det, så er det på ingen måte nokon som tvinger deg til det

Og til OP: Å settje likheitsteikn mellom humanistisk livssyn og human-etisk forbund blir for meg veldig veldig rart. Det blir som å settje likheitsteikn mellom kristendom og t.d. Indremisjonen. Human-etisk forbund er *ein* organisasjon som har eit livssyn, men det finst andre organisasjoner også. Sjølv er eg ikkje medlem i noko trussamfunn, men definerer meg definitivt som ateist og humanist.
Sist endret av vidarlo; 1. desember 2008 kl. 00:42.