View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av tecdm
jeg mener det ikke burde være problem for de som ikke går på narkotika, men syntes det blir for drøyt å si at skolen ikke er skogmo uten dop.
Vis hele sitatet...
Det er eit problem i den forstand at det ikkje er private aktører si oppgåve å etterforske eventuelle lovbrot. Og det å måtte avlegge pisseprøve, medan ein annan person ser på, ville eg oppfatta som i høgste grad krenkande. I norge har vi legalitetsprinsippet - voldsapparatet til staten skal ha ein klar heimel for å gripe inn mot deg. Det mangler skulen her, og derfor skal dei ikkje gjere det. Enkelt og greit. Dei kan gjerne drive lobbyisme for å få heimelen, men dei får vente til dei har retten.

At dei i tillegg går til politiet med alle som nekter oppfatter eg som endå grovare. Det å nekte å avlegge prøve til ein aktør som ikkje har rett til å kreve det bør ikkje føre til at dei rapporterer deg til politiet.
Sitat av tecdm
jeg mener hvis du kommer skikkelig dopet på skolen så kan de ta urintest, det er jo klart at de ikke burde teste de som er helt vanlige og går på dop.
Vis hele sitatet...
Dei bør ikkje teste da heller. Dei bør utvise vedkommande, og sende melding til politiet. Det er den sanksjonsmuligheta dei har, og dei bør holde seg til den. Om dei meiner ein person ikkje er skikka til å operere dei maskiner vedkommande skal operere i skulegangen får dei nekte han den retten, og ikkje pålegge han ei prøve.