View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Genetic
Engelsken min er sånn ca litt over gjenommsnittet bra. Får vel bare lære meg mer.
Vis hele sitatet...
Dersom engelsken din er litt over snittet bra, så trur eg ikkje du vil ha problem med grunnleggjande programmeringsbøker, dersom du er villig til å bruke ordbod en gang i timen når du finn eit ord du ikkje forstår. Stortsett er det å slå opp på wikipedia / wikitionary på det ordet, og lese litt om det der. Det funker bra for det eg ikkje kan frå før

Det finst også ein del på norsk, m.a ei javabok som heiter "Rett på Java". Ikkje verdas beste bok, men den er på norsk om du er redd engelsk kan bli eit problem. Er du derimot innstilt på engelsk har ein titlar som "Learning Java" frå O'Reilly, som er ekstremt grundig og god bok til ein rimeleg penge.

Og eg er einig med nso i at java er eit bra språk å begynne med. Kan du java, så kan du rimelig kjapt lære deg andre språk. Det er fleksibelt, kjører på alle platformer, og ganske mykje brukt som førstespråk på høgskular og universitet. Når det gjeld PHP så går det forsåvidt an å lære seg, neppe det verste valget, men problemet med php er at det er veldig tungt å lage desktopprogram med det, og det er eigentleg begrensa til å lage dynamiske websider. Dette gjer det til uaktuelt språk for rimeleg mange, spesielt som førstespråk.

Høyr for all del ikkje på idiotar som Alcazalamander som anbefaler batch eller vb. Det er ekstremt tåpelig å begynne med, og du vil uten tvil bli frustrert over idiotien i språka rimelig kjapt