View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Xasma
Jeg synes at HVIS det er rett navn, så skal alle få vite det og han skal få en dom strengere enn noen lov i Norge kan gi for pedofili til dags dato. Om det virkelig er han som er tatt, så ser jeg gjerne at han råtner i fengsel og får alt fratatt og blir latterliggjort. Om det derimot ikke er han, så synes jeg det blir dumt å legge ut bilder. Synes heller de bør legge ut bilder osv ETTER at han er dømt. For nå kan en uskyldig mann være tatt.
Vis hele sitatet...
Ja, alle veit at offentleggjering av navn og høg straff hjelper! Sjå på usa, dei har dødsstraff, uthenging i nasjonal tv, og ingen pedofile what so ever. Err, right?

Eg har ikkje tru på dei tiltaka du beskriver, fordi det vil føre til at han blir utstøytt frå samfunnet, og framandgjore. Då misser dei kontakten med resten av samfunnet, og har derfor ikkje ei korrigering frå omgjevnader. Det trur eg fører lett til depresjon hos vedkommande, tar kanskje kontakt med andre pedofile, rettferdiggjer handlingane ovanfor seg sjølv, og begår nye overgrep. Då har eg langt meir tru på ei relativt mild straff og psykiatrisk behandling og oppfølging.

Forøvrig er heile det vestlige rettssystemet bygd på premisset at ein er uskuldig til det motsette er bevist, og at ein ikkje skal bli uthengt. Dersom du tek vekk eit av dei elementa så misser straffesystemet i Noreg alvorleg mykje tillit hos meg, og antakeleg andre. Det er alvorleg!